Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Flatraket barnehage i Stad kommune søkjer ein engasjert barnehagelærar for ei 100% fast stilling frå 18.03.2027. Barnehagen ligg sentralt i Flatraket, med fleire natur- og skulevenlege fasilitetar i nærleiken.
Du vil arbeide systematisk med pedagogisk utviklingsarbeid og vere ein delar av eit engasjert team som legg vekt på respekt, openheit og inkluderande miljø for barna og familiane.
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar fra 18.03.2027.
Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av.Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette.
Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.
Alt dette kan DU vere med på å videreføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø?
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, ogat du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136.
Helena Fure,Styrar Flatraket barnehage,91187136,helena.fure@stad.kommune.no
Fv618 220
6717Flatraket
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5208435273
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026