Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Daggry barnehage ligg idyllisk til i eit roleg boligområde, ved Valderøy barneskule. Barnehagen fokuserer på trygge, inspirerande og leikande dagar for barna, og søker medarbeidarar som deler desse verdiane. Dei legg vekt på barnas leik og utvikling i eit inkluderande miljø.
Som ein del av teamet vil du bidra til eit godt arbeidsmiljø, delta i leiarteamet og samarbeide tett med andre avdelingar for å skape eit meiningsfylt og utviklingsorientert barnehagemiljø for alle barn og foresette.
Daggry barnehage - "Ein god stad å vere, leike og lære".
Vi behov for fleire dyktige medarbeidarar, vil du bli med?
Godkjent barnehagelærerutdanning, anna pedagogisk utdanning retta mot barn kan vurderast
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Er motivert til å delta aktivt i barnas leik og utvikling
Arbeide i tråd med barnehagen sine verdiar og barnesyn
Delta og utvikle barna sin leik og tilretteleggje for utvikling av venskap og inkludering. Vere med å skape eit trygt og utfordrande leike- og lærigsmiljø for barna
Bidra til eit trygt å godt barnehagemiljø for både barn, føresette og tilsette
Vere ein aktiv del av barnehagens leiarteam
Samarbeide med andre avdelingar og instansar ved behov
Hos oss får de ein barnehage med godt verdigrunnlag, der vi skaper trygge, inspirerande og leikende dager for barna. Som ein del av vårt team vil de få ein meiningsfull arbeidskvardag i eit miljø der trivsel og utvikling står i fokus.
Gode turmoglegheite i skog, fjell og fjøre
Daggry barnehage ligg idyllisk til i eit roleg boligområde, ved Valderøy barneskule.
Kvar avdeling har gode grupperom og kjøkkenkrorkar tilknytta si avdeling. Vi har flotte fellesrom tilgjengeleg for både barna og personalet: gymsal, felles kjøkken, bibliotek, møte- og arbeidsrom.
Godt arbeidsmiljø, inkludering, språkleg og sosial utvikling, gode verdier, læring gjennom leik, sang og musikk og bruk av naturen, er med på å gjer barnehagen vår til ein god stad å vere, leike og lære!
Meir informasjon om barnehagen og våre kjerneverdier og pedagogiske grunnlag finn du på heimesida vår.
IMF Sunnmøre eig og driv barnehagen med utvida kristen formålsparagraf.