Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Kløve barnehage leitar etter ein barnehagelærar i 100% vikariat fram til 31.08.27 for å vere med og forme den nye barnehagen. Barnehagen blir ein samanslåing mellom Kløve og Hagahaugen barnehage, og du vil vere med i utviklinga, kulturen og det pedagogiske arbeidet.
Du må vere trygg, varm og engasjert, med fokus på leik, relasjonar og utvikling. Vi tilset i eit miljø som legg vekt på samarbeid, og du får høve til å påverke det pedagogiske arbeidet i det nyoppretta huset ved Kløve barnehage.
Har du lyst til å vere med og forme ein ny barnehage?
Kløve barnehage søkjer ein engasjert og trygg barnehagelærar i 100 % stilling, vikariat til 31.08.27
Kløve barnehage er ein nyrenovert barnehage som frå august 2026 er blitt ein ny og større barnehage gjennom samanslåinga av Kløve og Hagahaugen barnehage.
Me er no 42 barn og 14 tilsette, fordelt på 2 avdelingar.
Me er i starten på eit nytt kapittel, og no ønskjer me oss ein barnehagelærar som har lyst til å vere med og utvikle barnehagen vidare. Du får vere med og forme kulturen, samarbeidet og det pedagogiske arbeidet i den nye Kløve barnehage.
Me ser etter deg som
Me ønskjer oss ein medarbeidar som tør å by på seg sjølv, som tek initiativ og som ønskjer å bidra til at Kløve barnehage blir ein trygg, inkluderande og god barnehage for både barn, føresette og tilsette.
Hos oss får du
Som barnehagelærar vil du mellom anna ha ansvar for å:
Er du ein barnehagelærar som ønskjer å vere med og byggje noko nytt saman med oss? Då håpar me å høyre frå deg!
Ta gjerne kontakt med Vibeke Brattebø, tlf 47307545 dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer å vite meir om Kløve barnehage.
Velkomen som søkjar til Kløve barnehage!
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste.