Eine Bewerbung wie gemacht für diesen Job — ein maßgeschneiderter Lebenslauf und ein Anschreiben, die genau zur Stellenanzeige passen.
Læringsverkstedet Tvildemoen AS søker assistent som vil bidra aktivt til gjennomføring av barnehagens daglige gjeremål og pedagogiske opplegg i samsvar med våre verdiar og planar.
Du blir ein del av eit stort fagmiljø med engasjerte kollegaer og tilgang til rikt pedagogisk materiell i ressursbanken. Vi oppmodar til kurs og fagopplæring gjennom Læringsverkstedet Akademiet, samt gode pensjons- og forsikringsordningar og tariffavtale gjennom PBL.
Vil du væra med å få kvart einskild barn til å føla seg verdifull? Trivest du i team fylt med engasjement og leikne kverdagar? Da er du den me ser etter!
Kvifor jobba hjå oss?
Hjå oss jobbar du med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø! Me har eit attraktivt pedagogisk konsept med tilgang til mykje pedagogisk materiell i vår ressursbank. Du kan halda deg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og fagopplæring som me får tilbod om, bl.a. gjennom Læringsverkstedet Akademiet. Me har gode pensjons- og forsikringsordningar, samt tariffavtale gjennom PBL. Læringsverkstedet har eit løfte til alle tilsette: "Hjå oss har du alle muligheter til å utvikla deg både fagleg og menneskeleg, og gjera verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."
Som assistent vil du jobba aktivt og loyalt med gjennomføringa av barnehagen sine daglege gjeremål og pedagogiske opplegg, i samsvar med vår verdiplattform, mål og planar. Me får verdas viktigaste verdiar til å vekse!
Du må væra ein relasjonsorientert person som ser kvart einskild barn. Du må kunne lytta og væra lydhør på kva barna ynskjer å formidla. Du har faglege ambisjonar og eit hjerte for det du driv med. Vidare at du har evna til å skapa engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling. Du må væra løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkast i rolla må du kunne kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du må kunne jobba sjølvstendig og væra ansvarsbevisst. Me ynskjer ein assistent som er god, varm og ein omsorgsfull vaksenperson. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er stikkord for vårt personale. Du må identifisera deg med Læringsverkstedets verdiar