A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Lom kommune lyser ut to 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage i Lom. Vi søkjer deg som har ekte engasjement for barn og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen.
Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte og må kunne arbeide både i team og sjølvstendig. Krav om godkjend politiattest ved tilsetjing.
Lom kommune har ledig to 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Vi ønskjer oss nokon som har eit ekte engasjement for barn, og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen.
Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte og har eit godt blikk for behova til det enkelte barnet. Du trivst med å vere ein del av eit lag, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel, finn gode løysingar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Vi ønskjer helst at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men oppmodar også ufaglærte til å søkje. Har du dei rette personlege eigenskapane og eit ekte engasjement for arbeid med barn, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.
Eit godt fagmiljø på tvers av barnehagane, med moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for å bruke naturen i barnehagekvardagen
Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetjing
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
Namn på søkjarar blir offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk
Garmo barnehage ligg om lag 15 km aust for Lom sentrum, i tidlegare Garmo skule. Barnehagen har tre avdelingar, romslege lokale, eigen gymsal og eit stort uteområde med skog og natur tett på.
Loar barnehage ligg sentralt i Lom, ved barneskulen og Presthaugen. Barnehagen har fire avdelingar og gode moglegheiter for leik og læring både inne og ute, med naturen og friluftsmuseet Presthaugen som næraste nabo.
I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utenfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.