A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Giske kommune søkjer barne- og ungdomsarbeidar/helsefagarbeidar ved Valderøy barneskule, Basen og SFO. Stillinga omfatter direkte oppgåver knytt til elevstøtte, tilrettelegging og samarbeid med læringsmiljøet.
Det er krav om politiattest og god norskkompetanse. Lønn etter kommunale vilkår; interessante kollegaer og eit godt arbeidsmiljø blir vektlagt.
Øvstevegen 19, 6050 Valderøya
Vi har inntil 2 ledige stillingar, 1 fast og 1 vikariat som barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Valderøy barneskule, Basen og SFO. Vikariatet er ut skuleåret 2026/2027.
Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i Basen. SFO har om lag 190 born. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.