A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Hå kommune utlyser eit 90% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.11.2026 til 30.06.2027. Stillinga er knytt til 7. trinn og SFO, med tett oppfølging av enkeltelevar både fagleg og sosialt.
Du vil jobbe i små grupper og i klasse, og bidra til god trivsel, leik og aktivitetar før og etter skuletid. Gyldig politiattest må leverast før tiltreding.
Vi har ledig eit 90 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.11.2026 til 30.06.2027.
Vi søker ein engasjert, varm og tydeleg vaksen som trivest med ein variert skulekvardag. Stillinga er knyta til 7. trinn, kor du vil jobbe tett på enkeltelevar både fagleg og sosialt, i mindre gruppe og i klasse. I tillegg innebærer stillinga arbeid på SFO der du er med på å leggje til rette for god leik, trivsel og kjekke aktivitetar før og etter skuletid, samt noe i skuleferiar.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, gif, jpeg, jpg eller png, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Gyldig politiattest nyare enn tre måneder må leverast før tiltreding.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 måneder og regler for flyttegodtgjersle.