Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Stryn symjehall i Stryn sentrum søker en pålitelig badevakt til deltid. Du skal tilsyn med badegjester, generelt tilsyn med anlegget og garderobe, samt åpning og stenging i samsvar med arbeidstider, kveld og helg.
Stillingen er 8,45% med arbeid i 3. kvar helg, laurdag og søndag. Ekstravakter kan bli aktuelt ved behov.
Stryn symjehall er kommunal symjehall som ligg i Stryn sentrum tilknytt Stryn kulturhus. Symjehallen inneheld symjebasseng, barnebasseng, stupetårn, rutsjebane og sauna. Inngang og billettsal i tilknytning til Stryn kulturhus. Vi har ledige deltidsstilling for fast tilsetting.
Som badevakt har du ansvar for tilsyn med badegjester i symjehallen samt generelt oppsyn med symjehallen / garderobar. Ansvar for opning og stenging av symjehallen.Arbeid etter arbeidsplan for symjehallen sine opningstider på kveld og helg. Vi har ledig deltidsstilling på 8,45% med arbeid for tida 3.kvar helg, laurdag og søndag.Ekstravakter kan bli aktuelt om du er interessert i å jobbe meir i periodar.
Vi søker ein person som er fleksibel og med godt humør. Må vere ansvarleg, kunne jobbe sjølvstendig men også samarbeide med kollegar i teamet.
Gode pensjonsordningar
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar , livserfaring og perspektiv . Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning.Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.