Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Dovre svømmehall på Dombås søker en badevakt/badebetjent i en deltidsfast stilling (13,28%). Arbeidet følger skolens åpningstider og inkluderer helger og ferier i skoleåret. Oppgavene omfatter enkel renhold, vedlikeholdsoppgåver og håndtering av situasjoner som krev førstehjelp eller livredning.
Vi tilbyr nødvendig opplæring, lønn etter tariff og pensjonsordning i KLP. Søknad leveres til rektor og oppgis kontaktinfo; søker må være serviceinnstilt og fokuserer på trygghet og inkludering for alle
Ved Dovre svømmehall er det fra snarast ledig 13,28 % fast stilling som badevakt/badebetjent.
Dovre svømmehall ligg på Dombås, samlokalisert med Dovre ungdomsskule, og er ein viktig møteplass for fysisk aktivitet, trivsel og folkehelse i lokalsamfunnet. Svømmehallen er open i perioden 1. september til 1. mai, og stillinga følgjer dei vedtekne opningstidene:
ein laurdag per månad
ein dag i haustferien
ein dag i juleferien
ein dag i vinterferien
ein dag i påskeferien
Det er politisk vedteke drift av svømmehallen for 2026. Organisering og omfang av stillinga kan derfor bli endra frå 01.01.2027.
bidra til trygg og forsvarleg drift av svømmehallen
enkle reinhalds- og vedlikehaldsoppgåver
handtering av situasjonar som krev førstehjelp eller livredning
gode svømmeferdigheiter
erfaring frå arbeid med menneske
erfaring frå servicearbeid, idrett eller frivillig arbeid
er observant og har fokus på tryggleik
er serviceinnstilt, møter publikum på ein positiv måte og bidreg til eit inkluderande og triveleg miljø for alle brukarar
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Nødvendig opplæring vil bli gjeve. Du må bestå livredningsprøve kvart år, og dette inngår som ein del av opplæringa.
Vi tilbyr deg eit spennande og samfunnsnyttig arbeidsområde, løn etter tariff og pensjonsordning i KLP. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte rektor Sissel Øwre på tlf. 959 25 839 eller e-post: sissel.owre@dovre.kommune.no
Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tek med til eit eventuelt intervju.
Vi gjer merksam på at namn på søkjar kan bli offentleggjort sjølv om det blir bedt om unntak fra dette, jf. offentleglova § 25. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand.