A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Fonna i Haugesund leitar etter ein CT-radiograf i dagstilling som vil vere del av CT-avdelinga. Du vil ha ansvar for den daglege drifta ved CT i samhandling med leiar og fagradiograf, og delta i opplæring og rettleiing av kollegaer.
Vi legg vekt på høg fagleg kompetanse, godt lokalt milage og evne til samarbeid i tverrfaglege team. Søkjarar må beherske norsk skriftleg og muntleg, og ha lyst til å bidra i pedagogiske oppgåver.
I Haugesund har 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen
Stillinga er ei dagstilling.
Avdelingsradiograf CT har ansvar for den daglege drifta ved CT i samhandling med funksjonsleiar og fagradiograf.
Ved intern tilsetjing blir detledig stilling som radiograf i tredelt turnus. Dersom dette er av interesse, må det komme tydeleg fram i søknaden.
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innen kultur, idrett og friluftsliv!
God transportkommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagte
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.