Avdelingsleiar

Ålesund Kommune

Norway

On-site

NOK 800,000 - 1,100,000

Full time

34 hours ago
Be an early applicant
Application generator

Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.

Get past ATS filters

Job summary

Ørskog skule søkjer avdelingsleiar for 1.-7. trinn med 50 % administrasjon og 50 % undervisning. Du vil inngå i leiarteam på 5 personar og vere med på å legge til rette for eit trygt og utviklande læringsmiljø for elevane. Stillinga er eistilling med mellomleiarfunksjon.

Skulen stod ny i 2018, har 260 elevar og eit variert uteområde som gir varierte og praktiske læringsarenaer. Leiarteamet samarbeider tett for å sikre god fagleg inkludering og pedagogisk utvikling i inneverande skuleår.

Qualifications

  • Har erfaring som lærar i grunnskulen.
  • Leiarerfaring frå skule, f.eks. teamleiar eller avdelingsleiar.
  • God digital kunnskap og praksis, fordel med Acos Websak, IST Dokumentflyt og Itslearning.

Responsibilities

  • Vere ein pådrivar og ressurs person for individuelt tilrettelagt opplæring, frå kartlegging til oppmelding og enkeltvedtak.
  • Leie avdelingsmøter for 1.-7. trinn og delta i møter i leiargruppa.
  • Støtte og rettleie dei tilsette i det pedagogiske arbeidet.
  • Bidra til å finne gode løysingar ved fråvær i samarbeid med assisterande rektor.

Skills

Lærer erfaring
Ledererfaring
Digital kompetanse

Education

Spesialpedagogikk

Tools

Acos Websak
IST Dokumentflyt
Itslearning

Job description

Ørskog skule har ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar 1.-7. trinn. Stillinga planleggast med 50 % administrasjon og 50 % undervisning.
Vi søker deg som vil vere med på å legge til rette for eit trygt og utviklande læringsmiljø for alle elevane ved Ørskog skule. Du vil inngå i eit leiarteam på 5 personar; rektor, assisterande rektor, SFO-leiar og 2 avdelingsleiarar.
Vi ønsker ein avdelingsleiar som kan vere ein pådrivar og ressursperson for individuelt tilrettelagt opplæring, herunder prosessen frå kartlegging til oppmelding og enkeltvedtak.
Stillinga som avdelingsleiar er eistilling som innehar funksjonen som mellomleiar. Dette inneber at avdelingsleiar har som formål å leie og fordele det faglege arbeidet innafor sitt ansvarsområde på ein fagleg og pedagogisk måte slik at elevane får eit best mogleg læringsutbytte. Avdelingsleiar er ein del av skulen si leiargruppe.

Ørskog skule stod ny i 2018, og har gode fasilitetar til å drive ei moderne og tilpassa undervisning. Vi er ein 1.-10. trinn skule og har inneverande skuleår 260 elevar. Skule og SFO er godt organisert, og nyttar skulelokala og uteområda på ein kreativ og inspirerande måte.
Skulen sitt uteområde er stort og variert. Idrettsanlegg, stall, sjø, elv, skog og fjell utgjer samla vårt uteklasserom, som kan nyttast i opplæringa .
Elevar har gjennom valfag bygd færingar som vi har i eige naust, og vi har oppretta Fjordbasen med båt og utstyr til å kunne drive fiske. Dette gir oss gode moglegheiter til varierte og praktiske læringsarenaer.
Vi har eit dyktig og engasjert kollegium som samarbeider i team for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. Fagleg inkludering og ei praktisk tilnærming i opplæringa er ein del av skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid inneverande skuleår.

  • Vere ein pådrivar og ressursperson for individuelt tilrettelagt opplæring, herunder prosessen frå kartlegging til oppmelding og enkeltvedtak.
  • Leie avdelingsmøter for 1.-7. trinn og delta i møter i skulen si leiargruppe.
  • Støtte og rettleie dei tilsette i det pedagogiske arbeidet.
  • Bidra til å finne gode løysingar ved fråvær i samarbeid med assisterande rektor.
Kvalifikasjonar
  • Har erfaring som lærar i grunnskulen.
  • Leiarerfaring frå skule som f. eks. teamleiar og avdelingsleiar.
  • God digital kunnskap og praksis. Det er ein fordel med erfaring med Acos Websak, IST Dokumentflyt og Itslearning.
  • Om kandidaten ikkje har leiarutdanning, er det ønskeleg at dette takast.
  • Tilleggsutdanning innan spesialpedagogikk/sosialpedogikk er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
  • Vi søker ein person som er god på samarbeid, er ein lagspelar og er team -og relasjonsbyggar med gode kommunikasjonsferdigheter og god gjennomføringsevne.
  • Vi ønsker ein person som ser dei gode løysingane, er ein problemløysar som har pågangsmot og som viser dette gjennom sitt initiativ og engasjement.
  • Personlege eigenskapar vektleggast.
  • Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
  • Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
  • Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhold og engasjement.
  • Ei spennande leiarstilling i eit fagleg sterkt profesjonsfellesskap.
  • Reelt leiaransvar for dyktige medarbeidarar.
  • Muligheit til å vekse og utvikle seg i profesjonelle læringsfellesskap.
  • Ny og tilrettelagt skule med eit fantastisk nærområde, som gir muligheit for variert og tilrettelagt undervisning.

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utenfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Avdelingsleiar for byggesak
Avdelingsleiar for byggesak

Ålesund Kommune • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Barne- og ungdomsarbeidar 100% vikariat Skodje barnehage
Barne- og ungdomsarbeidar 100% vikariat Skodje barnehage

Ålesund Kommune • Skodje

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Helsefagarbeider ved Ørskog heimeteneste
Helsefagarbeider ved Ørskog heimeteneste

Ålesund Kommune • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Sykepleier 100% fast stilling Åse og Lerstad hjemmetjeneste
Sykepleier 100% fast stilling Åse og Lerstad hjemmetjeneste

Ålesund Kommune • Ålesund

On-site
NOK 540,000 - 660,000
Helsefagarbeider ved Ørskog heimeteneste
Helsefagarbeider ved Ørskog heimeteneste

Ålesund Kommune • Sjøholt

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Helsefagarbeidar ved Ørskog omsorgssenter
Helsefagarbeidar ved Ørskog omsorgssenter

Ålesund Kommune • Norway

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Helsefagarbeidar ved Ørskog omsorgssenter
Helsefagarbeidar ved Ørskog omsorgssenter

Ålesund Kommune • Sjøholt

On-site
NOK 450,000 - 520,000
Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog omsorgssenter
Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog omsorgssenter

Ålesund Kommune • Norway

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Helsefagarbeidar eller aktivitør
Helsefagarbeidar eller aktivitør

Ålesund Kommune • Ålesund

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog omsorgssenter
Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog omsorgssenter

Ålesund Kommune • Sjøholt

On-site
NOK 550,000 - 650,000