Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Nav Askøy søker ein leiar til arbeidslivsavdelinga som skal leia eit team på rundt 14 tilsette og samarbeide tett med legar og arbeidsgivarar.
Du har minst bachelorgrad og dokumentert erfaring med menneske og relasjonar, og du er fleksibel, løysningsorientert og trygg i leiarskap. Arbeidsplassen er på Kleppestø sentrum med gode kommunikasjonslenker.
Du vil bidra til utviklingsarbeid, prosessleiing og kompetanseutvikling, og delta i regionale leiarforum.
Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den nye leiaren vi ser etter til arbeidslivsavdelinga vår.
Avdeling arbeidsliv har ansvar for kontoret si oppfølging av brukarar over 30 år som er klare for arbeidsretta aktivitet og arbeid. Ei anna viktig oppgåve for avdelinga er oppfølging av brukarar i oppfølgingsløp for sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar som treng hjelp til å behalde arbeid.Avdelinga sine oppgåver har eit breitt fagleg spekter, og avdelingsleiar vil ha ansvar for om lag 14 fagleg dyktige medarbeidarar med tilsettingsforhold både i stat og kommune. Saman med tilsette har avdelingsleiar kontakt med til dømes legar og arbeidsgivarar. Avdelinga driv og med gruppetiltak og informasjonsmøter for Nav brukarar.
Vi ser etter ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Det krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing.Vi er ein arbeidsplass som stadig utviklar oss, og du må trivast med å leie ei verksemd der omstillingstakta er høg.
Nav Askøy har flotte nye kontorlokale og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er eit kontor med 4 avdelingar, og heile kontoret består av kring 70 tilsette.Du finn oss sentralt plassert på Kleppestø senter, med gode buss- eller båtforbindelsar. Reiser du frå Bergen, køyrer du køfritt både med buss og bil.
Det er ein fordel om du òg har: