A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Universitetet i Bergen søkjer ei dyktig avdelingsingeniør i vikariat ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1 i Bergen. Stillinga er 100 prosent og varer i eitt år med moglegheit for forlenging, og ho omfattar klargjering av dyre-relaterte rom og laboratoriearbeid.
Du vil delta i opplæring av brukarar og bidra ved gjennomføringa av dyreforsøk. Søkjar må ha autorisasjon som dyrepleiar eller relevant spesialutdanning, samt god evne til norsk og engelsk i skriftleg og munnleg form.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Dyreavdelinga er det ledig eit vikariat som avdelingsingeniør i 100 % stilling for ein periode på 1 år, med moglegheit for forlenging.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Vi søkjer ein person som
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Utfyllande opplysninger om stillinga kan ein få ved å vende seg til leder av avdelinga professor Lise Madsen på e-post:Lise.Madsen@uib.noeller veterinær Suzanne Brandt på e-post:Suzanne.Brandt@uib.no ).
For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Iris Walle på e-post:iris.walle@uib.no
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar fra kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.