Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Bufetat region i Bergen søkjer avdelingsdirektør i 100 % stilling, med ansvar for å lede senteret for foreldre og barn og tilsyn med familievernkontorane. Leiargruppa inkluderer regiondirektør og tre avdelingsdirektørar, med regionleiinga i Bergen og oppløftande regionale prosjekt.
Det krevast mastergrad og minst tre års leiarerfaring. Stillinga ligg i eit statleg lønsregulativ, med lønnområdet mellom 1 100 000 og 1 300 000 kr årleg.
Bufetat region, vest, har no ledig fast stilling som avdelingsdirektør i 100 % stilling. Vi søkjer deg som ønskjer å videreutvikle tenestetilbodet vårt for barn og familiar og bidra til strategisk leiing av regionen. Avdelingsdirektør har regiondirektør som næraste overordna og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består for tida av regiondirektør, tre avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. Regionskontoret ligg i Bergen. Arbeidstad for stillinga er Bergen, med ansvar og samarbeid på tvers av heile regionen. Det må reknast noko reiseverksemd, samtidig som vi har gode, moderne videokonferanseløysingar i alle tenesteområda. I Bufetat er vi opptatt av kunnskapsgrunnlaget. Vi står støtt i faget vårt - men aldri stille. Vi har eit tydleg og unikt samfunnsoppdrag. Kvar dag går vi på jobb for dei mest sårbare i samfunnet, og ser at arbeidet vårt gjer ein reell forskjell i folk sitt liv. Vi er ikkje kven som helst.
Til stillinga ligg for tida leiinga av eit senter for foreldre og barn og seks familievernkontor. Familievernet tilbyr terapi, mekling, kurs og bistand til familiar, par og barn med relasjonsproblem. Senter for foreldre og barn har avdelingar i Førde, Bergen og Stavanger, som bistår barnevernet med utgreiing av komplekse saker for barn 0-6 år.Sentra tilbyr også hjelpetiltak for å utvikle foreldreferdigheiter og styrke tilknyting. Det kan bli endringar i organisering og ansvarsområde i stillinga.
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, med løn fra p.t. kr 1 100 000 pr. år til kr 1 300 000 pr. år. Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkarar, kan høgare løn avtalast. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte. Vi tilbyr og deltaking i Bufetat si eiga leiarskule og leiarsamlingar både for regionleiinga, leiarar regionalt og leiarar nasjonalt.