Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Hospitaldrift Reinhald i Helse Bergen HF søkjer personar til reinhaldsoppgåver i Haukelandsområdet. Fast 100% stilling og 2x100% vikariat frå snarast til 30.11.2026, med mogleg forlenging. Arbeidsoppgåvene inkluderer regelmessig reinhald og spesialreinhald, og eit spesielt hygiene-fokus.
Arbeidstida for fast stilling er 12.00–20.00, med kvar 4. helg. Vikariat kan variere mellom dagvakt og mellomvakt, også kvar 4. helg. God opplæring og inkluderande IA-kultur blir tilbydd.
Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar.
Hospitaldrift Reinhald er ei av desse einingane.Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Helse Bergen har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette.
Ved seksjon 1 har vi ledig 1x100% fast stilling og 2x100% vikariat frå snarast til 30.11.2026 med mogleg forlenging. Arbeidsstad vil vere i Haukelandsområdet*/.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Vi oppfordraralle søkarartil å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.