Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bjørnafjorden kommune søker ein fagperson til landbrukskontoret, eit interkommunalt samarbeid som gjennomfører landbruksforvaltninga for Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger kommunar.
Du vil arbeide med faglege vurderingar, rettleiing til bønder og grunneigarar, samt utgreiingar og vedtak innan landbruksforvaltning, arealforvaltning og naturressursar. Vi legg vekt på initiativ, sjølvstendig arbeid og evne til å samarbeide i eit lite fagmiljø. Krav: høgare utdanning og gode norskferdigheiter.
Vil du vere med og finne gode løysingar for landbruket i Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger?
Bjørnafjorden landbrukskontor er eit interkommunalt samarbeid som utfører landbruksforvaltninga for Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger kommunar.
Vi arbeider med eit breitt spekter av oppgåver innan jordbruk, skogbruk, arealforvaltning og naturressursar. Kontoret har tett kontakt med landbruksnæringa og ei viktig rolle i å sikre både aktiv landbruksdrift og langsiktig forvaltning av landbruksressursane.
Vi er eit lite og godt fagmiljø med brei kompetanse, korte avgjerdsvegar og stor takhøgd for faglege diskusjonar. Vi samarbeider tett, deler kunnskap og hjelper kvarandre med å finne gode løysingar.
Faglege vurderingar og uttalar i plan- og byggjesaker.
Rettleiing og dialog med bønder, grunneigarar og andre aktørar.
Andre aktuelle oppgåver innan landbruksforvaltning, ut frå kompetanse og behov.
Vi ønskjer at du har:
Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan landbruksfag eller juridiske fag.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil.
Det er ein fordel om du har:
Relevant praktisk erfaring frå landbruk eller landbruksrelatert arbeid.
Erfaring med offentleg sakshandsaming, utgreiingar og vedtak.
Kjennskap til landbruket og utfordringane næringa står overfor.
Vi ser etter deg som arbeider sjølvstendig, tek initiativ og likar å finne praktiske og gode løysingar. Du må kunne gjere faglege vurderingar, samarbeide godt med andre og møte innbyggjarar på ein open og profesjonell måte.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og evna til å bidra positivt i fagmiljøet vårt.
Eit inkluderande og kompetent fagmiljø der vi spelar kvarandre gode.
Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.