
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
En norsk kommune leter etter en vernepleiar/sjukepleiar for et 100% vikariat fra 5. januar til 4. oktober 2026 med mulighet for forlengelse. Stillinga innebærer målretta miljøarbeid og oppfølging av personar med psykiske lidingar. Søker må ha autorisasjon og helst erfaring fra psykisk helsearbeid. Rollen krever turnusarbeid med vakter hver 3. helg. Kommunen fremmer likestilling og mangfold.
Grantun bufellesskap har ledig 100% vikariat i perioden 05.01.26 – 04.10.26 med moglegheit for forlenging
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Grantun bufellesskap i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med psykiske lidingar, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 12 bebuarar medvarierande bistandsbehov.
Vi jobbar etter recovery-tilnærminga som handlar om å bidra til ein personleg prosess der den enkelte får hjelp til å øve opp evne til å finne eigne meistringsstrategiar for å skape ein meiningsfull kvardag. Ved å jobbe med dette vil ein skape styrke til å meistre å leve eit godt liv med sine psykiske utfordringar. Den kommunale tenesta har til hensikt å bidra til å stabilisera den psykiske helsa hos bebuar og støtte vedkommande til å bli i betre stand til å gjennomføra daglege gjeremål, og handtera utfordringar på ein sjølvstendig måte.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge eit koordinator-ansvar til stillinga.
Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter, eller kvar 4. helg langvakter.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.