A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Maryam Veisi i Sauda søkjer ein engasjert musikar til eit vikariat i full stilling. Stillinga er romsleg og krev at søkjaren bidrar utover kyrkjelege handlingar, inkludert konsertverksemd, orgelundervisning og samarbeid med solistar.
Arbeidet er i Sauda kyrkje og kapellmiljøet, med flott instrumentpark og eit variert program. Vikariatet startar 1. januar 2027 og varer til 13. juni 2027, med stor fleksibilitet og moglegheit for avspasing.
Vil du vera med å setja preg på musikklivet i Sauda?
Me søkjer ein engasjert og fleksibel musikar til eit vikariat i full stilling.
Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter.
Me søkjer nokon som kan tiltre 1. januar 2027 og jobba fram til 13. juni 2027. Vår fast tilsette organist kan eventuelt dekka påske i denne perioden, dersom søkjaren ønskjer ferie i denne perioden.
Stillinga er nokså romsleg, og det er venta at søkjaren bidrar utover dei obligatoriske kyrkjelege handlingane, etter tid, evne og behov. Dette kan vera korverksemd, konsertar, samarbeid med solistar/forsongarar, orgelundervisning, trusopplæring, administrasjon, IT, bidra til kyrkjebladet, diakonalt arbeid, etc.
Me søkjer musikarar som er komfortable i fleire sjangrar. Søkjaren bør beherska både orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Ei god stemme kjem òg godt med.
Sauda kyrkje har to mekaniske barokkorgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit lite kororgel frå 2000. I tillegg er det utstyrt med eit godt Yamaha-piano.
I Saudasjøen kapell står eit svært bra flygel frå Grotrian-Steinweg, samt eit orgel fra 1978 frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (2 manualer, pedalar, svellpedal, 11 stemmer).
Gravkapellet på Solbrekk er utstyrt med eit enklare 1-manuals orgel med 5 stemmer og eit Fazer-piano.
Hellandsbygd kapell har eit 1-manuals orgel med 3 stemmer.
Tre arbeidshelger i månaden, fri måndagar og dei fleste laurdagar (dei fleste vigslene er på sommaren). Utover høgtider og særskilde arrangement, er det éi gudsteneste kvar søndag, gravferder kvardagar utanom måndagar, gamleheimsandaktar på torsdagar. Arbeidstida er nokså fleksibel, og det er rom for å avspasera ein del dagar.