100% stilling som verksemdsleiar ved Samfunnsutvikling

Gunnvor S. Medhus

Odda

Presencial

NOK 900.000 - 1.200.000

Jornada completa

Hace 6 días
Sé de los primeros/as/es en solicitar esta vacante

Consigue una respuesta de este empleador

Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.

Supera los filtros ATS

Ventajas ofrecidas por este puesto de trabajo

Løn etter avtale
Pensjons- og forsikringsordningar (KLP
Fleksibel arbeidstid
Utdanningsgjeldsordning

Descripción de la vacante

Ullensvang kommune søkjer ein tydeleg, samlande og engasjert verksemdsleiar for Samfunnsutvikling i 100 % stilling. Du vil få stor innflytelse på korleis organisasjonen blir strukturert og leda arbeidet mot berekraftig vekst og god teneste til innbyggjarar og næringsliv.

Stillinga krev erfaring frå leiing, økonomistyring og kjennskap til offentleg forvaltning. Du må ha god framstillingsevne på nynorsk og vere ein relasjonsbyggjar som kan skape gode samarbeidsarenaer internt og eksternt.

Formación

  • Relevant høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
  • Dokumentert leiarerfaring.
  • Innsikt i offentleg forvaltning og politisk samspel.
  • Gode nynorskkunskapar.

Responsabilidades

  • Personalleiaring og organisasjonsutvikling for tre fagområde.
  • Økonomistyring, budsjett og ressursfordeling innan tenesteområdet.

Conocimientos

Leiarerfaring
Økonomistyring
Offentleg forvaltning
Framstilling (nynorsk)

Educación

Høgare utdanning (leiing, samfunnsfag)

Descripción del empleo

Vil du vera med og forma framtida i ein av dei mest spanande og mangfaldige distriktskommunane i landet?

Ullensvang kommune søkjer ein tydeleg, samlande og engasjert verksemdsleiar for Samfunnsutvikling i 100 % stilling.

Stillinga er ny og du vil få stor innflytelse på korleis du ønskjer å organisere verksemda.

Som verksemdsleiar får du ei sentral leiarrolle i kommunen sitt arbeid med å leggja til rette for berekraftig vekst, framtidsretta arealforvaltning, god forvaltningspraksis og gode tenester til innbyggjarar og næringslivet. Verksemda femnar om eit breitt og fagleg sterkt miljø, fordelt på tre fagområde:

  • Plan og samfunnsutvikling

  • Byggesak og oppmåling

  • Landbruk og havbruk

Kvart fagområde har eigen fagleiar som ivaretek den daglege faglege oppfølginga, i samråd med deg. Di hovudoppgåve vert overordna leiing med særleg fokus på å vere ein samlande leiar som set det gode arbeidsmiljøet i fokus. I tillegg blir det viktig å sette strategisk retning, sørge for trygg økonomistyring og å skapa gode samhandlingsarenaer internt og eksternt. Verksemda har i dag eit samla ansvar for 21,15 årsverk.

Sentrale arbeidsoppgåver
  • Personalleiing og organisasjonsutvikling: Byggja eit trygt, tverrfagleg og motiverande arbeidsmiljø på tvers av dei tre fagområda der medarbeidarane har fokus på å spele kvarandre gode.

  • Økonomi- og verksemdsstyring: Ansvar for budsjett, økonomirapportering, ressursfordeling og måloppnåing innanfor eige tenesteområde.

  • Dialog og samhandling: Sikra at verksemda møter innbyggjarar, andre kommunale avdelingar, utbyggjarar og eit variert næringsliv (mellom anna landbruk, fruktdyrking, industri, og havbruk) på ein open, løysingsorientert og serviceinnstilt måte.

  • Saksførebuing og politisk dialog: Førebu saker til politisk handsaming, delta i politiske møter og bidra aktivt i rådmannen si utvida leiargruppe.

  • Utvikling og digitalisering: Vidareutvikla effektive arbeidsprosessar, gode digitale innbyggjartenester og rettleiing.

Kvalifikasjonskrav
  • Relevant høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå (t.d. innan leiing, samfunnsfag, samfunnsplanlegging, juss, økonomi eller anna relevant fagkrins).

  • Dokumentert leiarerfaring, særleg innan personalleiing og økonomistyring.

  • Erfaring frå eller god innsikt i offentleg forvaltning, herunder aktuelt lovverk, og det politiske samspelet i ein kommune.

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk.

Personlege eigenskapar
  • Du motiverer tilsette, delegerer ansvar til fagleiarane og medarbeidarane og skapar felles retning.

  • Du er ein relasjonsbyggjar som er god til å lytte, etablere tillit og handtere ulike interesser i møte med innbyggjarar, næringsliv og folkevalde.

  • Du er strukturert og løysingsorientert. Du held oversikt over komplekse prosessar og har god gjennomføringskraft.

  • Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter i samfunnsutviklinga og inspirerer til kontinuerleg forbetring. Du er framme i skoa når det gjeld digitalisering og framtidige løysingar for å gjere tenestene meir effektive og sikra kvalitet.

Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.

Me tilbyr
  • Ei sentral leiarstilling med store moglegheiter til å påverka utviklinga i ein kommune med store naturressursar, industri, fruktdyrking og eit rikt kulturliv.

  • Eit kompetent, tverrfagleg og engasjert fagmiljø.

  • Løn etter avtale ut frå kvalifikasjonar og erfaring.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

  • Fleksibel arbeidstid.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

100% stilling som verksemdsleiar for Verksemd for inkludering
100% stilling som verksemdsleiar for Verksemd for inkludering

Gunnvor S. Medhus • Odda

Presencial
NOK 850.000 - 1.100.000
Løn etter avtale
IA-ordning og fleksibel arbeidstid
100% stilling som landbrukssjef
100% stilling som landbrukssjef

Gunnvor S. Medhus • Odda

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontorstad: Odda
2 stillingar à 100% som prosjektleiar ved Prosjekt og utvikling
2 stillingar à 100% som prosjektleiar ved Prosjekt og utvikling

Andre Botnen • Odda

Presencial
NOK 900.000 - 1.000.000
Varierte arbeidsoppgåver
Utvikling av eigen kompetanse
Sterkt fagmiljø og lagånd
+2
Verksemdsleiar Ergo- og fysioterapi - utvikling og leiing
Verksemdsleiar Ergo- og fysioterapi - utvikling og leiing

Dagrun Myrland • Odda

Presencial
NOK 600.000 - 700.000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen

Kari Skare Storhei • Ullensvang

Presencial
NOK 420.000 - 540.000
Varierte oppgåver
Spennande arbeid
Lønn etter tariffavtale
+4
100% stilling som samfunnsplanleggar
100% stilling som samfunnsplanleggar

Wermund Vetrhus • Odda

Presencial
NOK 650.000 - 900.000
Fast 100% stilling
Variert arbeidsoppgåve i fagmiljø
Løn etter avtale
+2
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen

Ullensvang kommune Omsorgstenesten vest, Utne • Ædna

Presencial
NOK 480.000 - 600.000
Kompetanseutvikling
Årsturnus og langvakter
Fleksibel arbeidstid
+1
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen

Ullensvang kommune Omsorgstenesten vest, Utne • Ullensvang

Presencial
NOK 480.000 - 540.000
Kompetanseutvikling
Langvakter
Fleksibel arbeidstid
+1
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten

Dagrun Myrland • Odda

Presencial
NOK 600.000 - 700.000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
100% vikariat som lager- og logistikkmedarbeidar ved Kommunalt hjelpemiddellager
100% vikariat som lager- og logistikkmedarbeidar ved Kommunalt hjelpemiddellager

Randi Rønhovde Opheim • Odda

Presencial
NOK 480.000 - 600.000
Spennande arbeid
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving
+1
Ubicaciones