Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Volda kommune søker ei miljøterapeut med relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag for arbeid ved barneavlasting og bustadmiljøet. Du vil delta i daglege aktivitetar, følgje opp prosedyrar og gi opplæring til tilsette og lærlingar.
Som vernepleiar vil du ha ansvar for legemiddelhandtering og medisinfaglege prosedyrar i eit samansett helse- og omsorgsmiljø. Du blir ein del av eit lag med miljøterapeutar som arbeider saman for trygg og god oppfølging av brukarane.
Avdeling Bu og Habiliteringbestår av samlokaliserte bustadar, avlasting og dagsenter for personar med utviklingshemning. Blåbærhaugen er kommunen si avlasting for mennesker med funksjonsnedsettingar som bur heime.Føremålet er å gje pårørande nødvendig kvile og fritid. Samstundes leggje til rette for at brukarane får gode opplevingar, utvikling og ein meiningsfull fritid i trygge omgjevnader.
Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Vi har 1 stk. 100% miljøterapeut stilling ledig på barneavlasting/barnebustaden.
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit . Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.