Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Bjørnafjorden kommune leitar etter en person til oppgåver innan grunnarbeid, lastebilkøyring og vedlikehald av veg i heile kommunen, med køyring som ein sjølvfølgje. Arbeidsstad er i Bjørnafjorden, og oppmøtestad er Eikelandsheiane 50.
Du må kunne handtere enkle, digitale verktøy, ha stor arbeidskapasitet og god lagånd, og vere villig til å delta i eit ope og inkluderande arbeidsmiljø. Løn etter gjeldande avtalar.
Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 frå 2022 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet.Samferdsel & VA er organisert under sektor samfunnsutvikling.
Arbeidsområdet vårt er heile Bjørnafjorden kommune, og køyring må påreknast.Oppmøtestad er Eikelandsheiane 50.
Den som blir tilsett må rekna med opplæring på spesialmaskiner
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderende arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etterutløptsøknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysninger om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersomanordningaikkje vert taken til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri besøkjarom å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.