Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sagatun barnehage i Sogndal kommune søkjer ein 100% fast fagarbeidar frå 01.12.26. Barnehagen vektlegg mangfald, inkludering og trygge rammer for barna, og ligg sentralt med eit stort uteområde og nærleik til mange aktivitetar.
Du vil bidra til eit inkluderande leike- og læringsmiljø, samarbeid med tilsette og føresette, og byggje sterke relasjonar med barna. Vi vektlegg friluftsliv, helse og medverknad i måltidsaktivitetar.
Sagatun barnehage er ein fleirkulturell barnehage med fire avdelingar. Mangfald og inkludering er viktig for oss, og vi legg til rette for eit miljø der mangfald vert sett på som ein ressurs.
Barnehagen ligg sentralt i Balestrand, med eit stort uteområde som inkluderer lavvo og gapahuk, og med kort veg til mange spennande turmål. Her kan vi boltre oss i Badelaguna, på Balasletta og ved Kong Bele-statuen, på fotballbana og i klatreparken, i skogsløyper, og sjå på dragehus og andre spennande bygg – alt innen kort rekkevidd. Sentrum med butikkar, hotell og reiselivsmuseum ligg berre nokre få minutt unna.
Vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på laget, skape gode og trygge rammer for barna, og som ser gode relasjonar som ei kjelde til utvikling, utforsking og leik.
Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
I Sogndal kommune meiner me at medverknad fråbarn, føresetteog tilsette vil gje eit trygt og godtbarnehagemiljø.Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som erframoverlendtog nytenkjande.Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikregod kvalitet og utvikling forallebarnai den langstrakte kommunenvår.
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregarSogndalsbarnehagen:Samskapande – Open – God – Nysgjerrig.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk, og alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.Dersom duhar bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.